Sjukdom og eksamen

Sjukdom og eksamen

Om du på grunn av sjukdom eller karantene vert forhindra frå å møte til obligatorisk kursaktivitet eller skule- /heimeeksamen, må du dokumentere dette.

Dersom fråveret råker eksamen, må dokumentasjonen sendast innan fyrste vyrkedag etter eksamensdatoen. 

Dokumentasjon skal sendast til eksamen@nhh.no

Det er ikkje naudsynt å levere legeerklæring dersom fråveret ikkje råker eksamen eller obligatorisk kursaktivitet.

Ved gyldig fråvær kan du ta eksamen på nytt neste gong den vert tilbydd. Du kan lese meir om eksamensforsøk på våre nettsider om kursgodkjenning og forsøk på eksamen

Gyldig fråvær vert ikkje rekna som eit forsøk på eksamen. Etter at trekkfristen har passert er dokumentert sjukdom einaste gyldige fråvær frå eksamen.

Dersom du vert sjuk under sjølve eksamen, må du kontakta ein eksamensvakt for å skriftleg trekkje deg frå eksamen. Du må så straks oppsøkja lege. Reglane er elles like. Har du levert ein besvarelse, blir denne sendt til sensur og sjukefråværet kan ikkje godkjennast.

Viss eit akutt sjukehusopphald hindrar deg i å overhalda fristen for levering av legeerklæring, må du levere denne så snart du er utskriven. Legeerklæringa skal då innehalda datoane for innlegginga. Har du høve kan du kontakta eksamen@nhh.no.

Les meir i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH § 4-7 Uteblivelse fra vurdering og avbrudd av vurdering (ekstern kobling) og i Utfyllende bestemmelser 4.7 (PDF 777 kb)

Intern overgang til master påfølgjande semester?

Dersom du har søkt intern overgang til master og blir sjuk på eksamen, kan du i særlege tilfelle søke seksjon for opptak om overgang til master utan fullført bachelorgrad. Ver klar over at praksisen er streng for å få dette innvilga. Sjå her for informasjon om korleis du søker.