Masterstudiar i utlandet

Masterstudiar i utlandet

Er du interessert i å ta ein heil mastergrad i utlandet? NHH oppmodar studentane sine til å få internasjonal erfaring. Ein bachelorgrad frå NHH gir deg gode mogelegheiter til vidare studiar ved universitet over heile verda.

Anbefalingsbrev

Treng du anbefalingsbrev til søknaden? Ta kontakt med student@nhh.no

Rettleiing til søknad

NHH har ikkje høve til å rettleie studentar som ønskjer å ta ein heil grad i utlandet. Vi anbefaler derfor at du kontaktar ANSA for spørsmål knytt til gradsstudiar i utlandet. Dei vil kunne hjelpe deg med informasjon om studiemogelegheiter, søknadsprosess, opptakskrav, opptakstestar, språktestar, stipendmogelegheiter og finansiering.

Stipend for studiar i utlandet

Hvis du ønskjer å ta ein master eller PhD i utlandet finst det ulike stipend å søkje på.

Les meir om stipendmogelegheiter

Internasjonale mogelegheiter ved NHH

Du har ei rekke mogelegheiter til å få internasjonal erfaring viss du vel å ta masteren din ved NHH også.

I dobbelgradsprogrammet til NHH får du til dømes to grader ved å ta siste året av mastergraden i utlandet.

LES OM INTERNASJONALE MOGELEGHEITER VED NHH HER