Internasjonale nettverk
Noregs einaste medlem av
CEMS
Berre dei beste
- 34 utvalde business-skular frå fem kontinent.
Tett på businessverda
- 70 multinasjonale næringslivspartnarar og åtte sosiale partnarar.
CEMS Master's in International Management
- Blant topp-ti på Financial Times-rangeringa av mastergradar kvart år sidan rangeringa byrja i 2005.
Akkrediteringar
Equis
European Quality Improvment System - Equis - er eit internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering for utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon. Formålet er å heva standarden på denne typen utdanning.
EQUIS set standardar og måltal og fasiliterer gjensidig læring og internasjonal spreiing av erfaring. NHH har hatt EQUIS-akkreditering sidan 2001, og vart reakkreditert for fem nye år i 2021.
AACSB
AACSB eit akkrediteringsnettverk for verdsleiande handelshøgskular. Under seks prosent av høgskular og universitet som tilbyr handelshøgskuleutdanning er akkreditert. AACSB-akkreditering skal sikre kontinuerleg betring hos den einskilde skule. For å bli AACSB-akkreditert, må institusjonene gjennom krevjande prosessar for å sikre at skulen har dei ressursane og det engasjementet som krevst for å gje studentar eni førsteklasses, fremtidsretta handelshøgskuleutdanning. NHH vart akkreditert i mai 2022.
AMBA
Association of the MBAs (AMBA) er ein global organisasjon grunnlagt i 1967 som fokuserer primært på internasjonale handelshøgskular. Organisasjonen er ein av tre leiiande akkrediteringsorganisasjonar for økonomiutdanning.
Nettverk
Engage.EU
ENGAGE.EU er ein allianse av leiande europeiske universitet innanfor næringsliv, økonomi og samfunnsvitskaplege emne som tek sikte på å gje europeiske borgarar ferdigheiter som trengst for å takla endringar i samfunnet. Desse utfordrande og nye endringane, til dømes digitalisering og kunstig intelligens, klimaendringar, aldrande befolkning og migrasjon, må taklast rett for å sikra ei berekraftig og positiv framtid.
Alliansen skal utnytta medlemmane sine unike fortrinn og heva eksisterande samarbeid til nye dimensjonar med felles strategi og mål. Kvart medlemsuniversitet tilfører eit individuelt perspektiv som er forma av universitetet si faglege spesialisering, og geografiske og økonomiske kontekst. Alliansen gir unike moglegheiter til å utdanna og inspirera ein ny generasjon borgarar som vil bidra til å gjera Europa leiande i korleis å takla samfunnsutfordringar.
PIM
Partnership in International Management - PIM- er ei samling av 60 leiande handelshøgskular frå heile verda. Nettverket vart etablert i 1973 av HEC School of Management, New York University (NYU) og London Business School (LBS). NHH vart medlem i 1995.
PIM-medlemmane har utveksla tusenvis av studentar i løpet av dei åra nettverket har eksistert. Kunnskapen og erfaringane som nettverket representerer, har gjort medlemsinstitusjonane i stand til å utvikla og styrka si internasjonale satsing.
NORDPLUS/NOREK
NORDPLUS vart etablert i 1988 som nordisk ministerråd sitt program for studentar og lærarar ved høgare utdanningsinstitusjonar i dei nordiske landa. I dag omfattar programmet dei nordiske landa og Baltikum. Programmet finansierer samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar, med mål om å utvikla undervisningskvaliteten på nordiske lærestader.
NOREK vart etablert i 1994 for å styrka samarbeidet mellom høgare utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon i dei nordiske landa innanfor rammene av NORDPLUS-samarbeidet. NOREK er eit nordisk nettverk for student- og lærarmobilitet, i tillegg til forskingssamarbeid, innan økonomi og administrasjon. Organisasjonen omfattar 26 institusjonar i Norden.
ERASMUS+
NHH's Erasmus Charter for Higher Education 2021 - 2027 (PDF 1 mb)
UTVEKSLING
195
lærestader i Meir enn 50 land
Studentar ved NHH har tilgong til ein rekke spennande internasjonale mogelegheiter.