Engage.EU
NHH er det norske medlemmet av ENGAGE.EU, ein allianse av leiande europeiske universitet innan handel, økonomi og samfunnsfag. Målet med samarbeidet er å gje europearar kunnskapane og kompetansane dei treng for å takla store samfunnsendringar.
Engage.EU vart tildelt status som "europeisk universitet" av Europakommisjonen i 2020. Europeiske universitet tilbyr saumlaus mobilitet og kunnskapsdeling på tvers av landegrenser, og vert såleis sett på som framtidas utdanningsinstitusjonar.
Gjennom Engage.EU får studentar og tilsette ved NHH tilgang til sterke fagmiljø og framifrå utdanningstilbod. Kvar partnarinstitusjon tilfører kunnskap og kompetanse innanfor sine fagfelt, og sin geografiske og økonomiske kontekst.
Målet med Engage.EU er å utvikla nye kurs, modular og gradar, og knyta tettare band mellom fagmiljø på kryss og tvers av Europa. Me ønsker å få ein enda meir aktiv dialog med arbeids- og samfunnsliv her heime og i Europa!
Sambandet har til saman over 100,000 studentar og er sett saman av:
-
Libera Università Internazionale degli Studi Sociali Guido Carli (Luiss) i Italia
-
Norges Handelshøyskole (NHH) i Noreg
-
Tilburg University i Nederland
-
Universität Mannheim i Tyskland
-
Université Toulouse 1 Capitole i Frankrike
-
Wirtschaftsuniversität Wien (WU) i Austerrike
Engage for studentar og tilsette
Vil du læra meir om berekraft i ein europeisk setting? Engasjer deg i fag, modular og sommarkurs via Engage! Les meir om kva Engage tilbyr bachelorstudentar.
Vil du forbetre moglegheitene i jobbmarknaden i ein internasjonal setting? Delta i modular, kurs og prosjekt via Engage! Les meir om kva Engage tilbyr masterstudentar.
Ønsker du å møta forskarar frå heile Europa og samarbeida rundt ny forsking? No har du sjansen! Les meir om kva Engage tilbyr vitskapeleg tilsette.
Freistar det å jobba ei veke i Roma? Eller å samarbeida i tasks med tilsette frå heile Europa? Ver med i Engage! Les meir om kva Engage tilbyr administrativt tilsette.
Nyheiter og arrangement
ENGAGE.EU 6. april 2022 |
Call for Papers to the Research and Young Scholars Conference |
ENGAGE.EU 1. april 2022 |
CALL FOR APPLICATIONS TO THE ENGAGE.EU THINK TANK |
ENGAGE.EU 30. mars 2022 |
JOIN THE ENGAGE.EU ACTIVE COMMUNITY SPORTS CHALLENGE! |
ENGAGE.EU 01. mars 2022 |
STATEMENT OF ENGAGE.EU ON THE WAR IN UKRAINE |
Bulletin 10. juli 2020 |
NHH MOTTAR PRESTISJETUNG EU-STATUS |
27.april 2022 |
Campus in Metaverse |
17. mai 2022 |
Online seminar: ‘How bytes help for bites in the Zero Hunger Lab’ |
19. mai 2022 |
ONLINE SPEED CHESS TOURNAMENT |
25.-27. mai 2022 |
Rektormøte i sofia |
23.-24.juni 2022 |
RESEARCHERS AND YOUNG SCHOLARS CONFERENCE |