Tal og fakta
Noregs handelshøgskole (NHH) er mellom dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt høgt respektert forskingsmiljø og er førstevalet for studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi ny kunnskap og skaper verdiar for ei bærekraftig framtid.
NHH har ein internasjonal profil og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar i meir enn 50 land. Vi har ca. 3600 heiltidsstudentar og ca. 435 tilsette.
Nøkkeltal 2020
- Årsverk: 435
- Undervisings, forskings- og formidlingsstillingar: 279
- Disputasar: 13
- Publikasjonspoeng: 294
- Utvekslingsstudentar: 610 (inn og ut)
- Internasjonale studentar: 8%
- Budsjett: Ca. 616,5 mill. kroner